Natursyn-kikkert

forteller-instrument
Randi Nygård

Randi Nygård sitt prosjekt har arbeidstittelel Natursyn-kikkert. Det tek utgongspunkt i ein liten hul trestokk og er inspirert av fuglekikking. Ho undrar seg over kva denne trestokken kan seia oss, og over korleis vi ser den. Er den eit meiningsfylt uttrykk i seg sjølv? Kva forhold er der mellom lyden av orda tre og stokk og den levande omverda? Kva skjer om vi ser gjennom trestokken og ut på det som rører seg i våtmarksområdet? Korleis ser fuglane oss? Reagerer trea på at vi er der? Kunstnaren vil òg jobba med speglar og spegling, inspirert av møter med fjell, tre, fuglar, myr og vatn.

Foto: Frank Holtschlag

Randi Nygård (fødd 1977 i Bergen) bur og jobbar i Oslo. Ho har ei mastergrad frå Kunstakademiet i Trondheim, NTNU, 2006. Nygård har lete seg inspirera av at tida kanskje ikkje berre går men oppstår mellom ting, at isbrear pustar, at tennene våre er linka til evna til å hugsa og at ord på like stavingar ofte står for ting med likande visuelle former. I år har ho jobba med lukta av myr og med isbrear sine reaksjonar på vår livsførsel. Nygård har hatt separat utstillingar i inn- og utland, sist ved Kunstverein Springhornhof i Tyskland, og ho er del av fleire internasjonale prosjekt mellom anna Ensayos, eit tverrfagleg prosjekt kor kunstnarar, samfunns- og naturvitarar og filosofar undersøker tema knytta til politisk økologi. Gjennom Ensayos er Nygård med på Venezia Biennalen i 2022 og ho deltok på ein digital residency og utstilling ved New Museum i New York i 2020.